Benny Hammer som er maskinførar, og Odd Atle Skarstein som er lærar på transportlinja ved Stryn vidaregåande skule, fortel om eit stort behov for å sette fokus på rekruttering til dei ulike næringane som omhandlar bilfag. Det ønskjer dei å gjere noko med, og kva passar vel betre enn å vise fram ulike tilbod på Motorfestival Stryn.

– Bilfaga manglar folk. Det trengst fleire lakkerarar, bilopprettarar og mekanikarar til dømes. I anleggsbransjen trengst det maskinførarar, og det er også eit stort behov for fleire yrkessjåførar, fortel Odd Atle Skarstein.

– Vi treng fleire yngre krefter, og vi ønskjer å sette fokus på mange ulike spekter under motorfestivalen. Vi kjem til å disponere eit område utanfor Stryn vidaregåande skule, ned mot billaget, samt at vi får bruke verkstaden ved skulen, fortel Benny Hammer.

Fleire ulike bransjar vil vise fram kva dei kan tilby.

– Det vil til dømes bli vist fram ein lakksimulator. Her kan folk få prøve seg som lakkerar, seier Skarstein.

Det vil også vere høve til å teste ein gravemaskinsimulator.

Det vil bli høve til å få prøve seg i ein gravemaskinsimulator ved Stryn vgs under motorfestivalen. Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Opplæringskontoret for transport og logistikk i Førde kjem for å informere og fortelje om yrkessjåførfaget, logistikkfaget og kran- og løfteoperasjonsfaget. Det kjem også representantar frå yrkessjåførutdanninga i Sogndal. Dei kjem også med ein lastebil.

– Køyreskular som dekker alle køyreopplæringane kjem også, mellom anna Nordfjord Trafikk og Langvatn på Sunnmøre. Norva 24 stiller med ein kamerabil, og dei kjem med ein lærling som vil fortelje om kvardagen sin, seier Hammer.

Vy kjem med ein dobbeldekkar, og Maskinkontroll frå Stordal kjem med ein gravemaskin med fullt GPS-utstyr.

– For vidaregåande skule sin del er dette opplegget viktig. Utdanning innan transport og logistikk er innfallsporten til mange yrke, meiner Skarstein.

Han fortel om eit liknande opplegg under fjorårets motorfestival, men då var det i mykje mindre skala.

– Vi fann ut at vi vil fokusere endå meir på dette i år, og motorfestivalen er ein god arena å vise fram dei ulike tilboda. Vi må få takke skulen for at vi får disponere området og verkstaden. Men også bransjen er flinke til å stille opp, seier Skarstein og Hammer. Dei merkar at det nærmar seg motorfestival:

– Vi ser mellom anna på sosiale media at det tek til å krible blant folk, ja!