– Dette vêret er farleg for den store fonna rundt Ospesteinen. Denne fonna har teke med seg all vegetasjon to gongar i eit stort område, dette var i 1968 og 1999, meiner eg.

Mellom dei to årstala gjekk det eit litt mindre skred som ikkje var så breitt, og ikkje fullt så hardt med skogen.

På fotografiet er det sett ein ring rundt Ospesteinen.

– Kjem eit stort ras, så løsnar det på toppen over steinen, og så feller fonna alle trea på begge sider av steinen. Det blir også ein kraftig fonnvind, seier Astrid Randi Bø Hunvik.

Det skal ha vore folk som har gått tur i området som har vore nær ved å bli tekne av fonn eller fonnvind tidlegare.