I alt ni personar har hittil fått tilbod om å utøve reinsjakt i Stryn sin del av Ottadalen villreinområde til hausten.

I Stryn statsalmenning er det Guro Myklebust, Hjelledalen (fritt dyr), Harold Wieldraaijer, Stryn (bukk under 40 kg/simle), Stein Rise, Stryn (kalv) og Paul Otterdal, Stryn (kalv)

I Statssskog er det to løyve som ennå ikkje er tildelt

I Grasdalen jaktområde har desse fått tilbod: Johan Berge, Oppstryn (fritt dyr), Egil Erdal, Hjelledalen (bukk under 50 kg), Oddleif Erdal, Oppstryn (bukk under 40 kg/simle), Joar Tjellaug, Oppstryn (bukk under 40 kg/simle) og Kai Henning Myklebust, Nordfjordeid (kalv).

I Sunndalen jaktområde og Skjeringsdalen jaktområde er det einnå ikkje tildelt løyve. Det skal i alt tildelast 18 løyve i Stryn sin del av Ottadalen villreinområde.

I Fjordingen si papirutgåve kom vi desverre i skade for å legge til grunn feil prismodell på korta. Kortprisane i Stryn fjellstyre er 1150 kroner for kalv, 2300 kroner for bukk under 40 kg/simle. Bukk under 50 kilo er prisa med 3000 kroner og fritt dyr med 4600 kroner.