I dag skal det knivast om nye verdscuppoeng i skiskyting, og Johannes Thingnes Bø håpar å vere betydeleg skarpare enn kva han var på førjulsvinteren.

- Eg er veldig klar og motivert for nye løp, og håpar resultata blir betre enn dei var før jul, seier han til Fjordingen.

Konkurransepausen har han fått nytta godt.

- Jula har gått med til trening, kvile og litt sosiale selskap, seier Bø.

Broder Tarjei har ikkje hatt like optimal juleferie. Tidlegare i veka meldte TV2 at storebror Bø har vore sjuk store deler av jula. Men i følgje TV-kanalen skal han vere klar til dagens sprintrenn, og trur ikkje sjukdomen har sett han nemneverdig tilbake.

- Dette er første gang eg er sjuk sidan april, så det er ny rekord. Sju- åtte månader der eg har vore frisk, det fortener eg nesten ein premie for, uttaler Bø til TV2.