Har du ein eigedom der det finst ein truga naturtype? Då finst det tilskot å søkje om. Men det hastar, fristen går ut 15. januar.
Som ein del av det nasjonale målet om å ta vare på det biologiske mangfaldet har det blitt gjennomført kartlegging av naturtypar som er spesielt viktige med tanke på å ta vare på flest muleg artar. Resultata av fleire år med kartlegging er samla i kartløysinga Naturbase på internett.
Fleire av naturtypane som er lagt inn i Naturbase er truga, og i fare for å forsvinne, opplyser fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Mange av desse naturtypane er knytte til kulturlandskapet og er skjøtselskrevjande. For å hindre at gammalt kulturlandskap og artane knytt til det forsvinn, har nokre naturtypar fått status som utvalde naturtypar, og det er muleg å søke om tilskotsmidlar til skjøtsel.
Kven som kan søkje og kva naturtypar det kan søkjast tilskot til, finn du på denne sida hos Miljødirektoratet.
- Naturen er stadige i endring, og kartlegging av natur er difor ei fortløpande oppgåve. Fylkesmannen arbeider med å halde naturbasen oppdatert og kvalitetssikra, men vi vil alltid vere litt på etterskot. Det er til dømes «oppdaga» lokalitetar som er kvalifiserte (og som det difor er gjeve tilskot til i fleire år), sjølv om Fylkesmannen ikkje har fått dei lagde inn i Naturbase enno. Det kan med andre ord tenkjast at du eig areal som kvalifiserer til tilskotet for utvalde og truga naturtypar sjølv om det ikkje er merka av i Naturbase. For å sikre at flest mogleg av dei skjøtselskrevjande lokalitetane kan verte tekne vare på før det er for seint, sender Fylkesmannen difor ut denne allmenne informasjonen for å nå ut til fleire i målgruppa, trass i dei nemnde manglane i Naturbasen, skriv Johannes Aanonby på fylkesmannen si nettside.