For første gong på fem år trurfolk at dei får dårlegare privatøkonomi i det nye året. I Rogalander uvissa størst.

Heile 19 prosent av dei spurde trur at deiraeigen økonomi blir dårlegare i 2016. år. I tillegg trur heile 61prosent at norsk økonomi vil bli forverra. Det viser ei nyundersøking Respons har gjennomført på vegner av Sparebank 1.

- Deter eit tydeleg skifte, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen iSparebank 1 til NTB. Til samanlikning meinte kvar fjerde nordmann i fjor at dei kom til å få betre økonomi i 2015.

- Noer pessimismen i ferd med å få overtaket. Mange opplever sjølvuvisse knytt til økonomi og jobb, eller dei ser at kjente misserjobben, seier Gundersen.

Meir uvisse

Det er særleg i Rogaland mangemerkar konsekvensane av låge oljeprisar og trongare tider. Tilforskjell frå resten av landet trur heile sju av ti i Rogaland påeit fall i bustadprisane.

- Oljefylket ligg klart på botn når detgjeld jobbtryggleik og tru på bustadvekst, seier Gundersen. Tilsaman seier éin av fire at dei ikkje har ein trygg jobb, viserundersøkinga. Samla sett har uvissa knytt til jobb krope oppoverdei siste åra. I 2015 har norske forbrukarar vist ein rekordstorsparevilje, ifølgje Gundersen.

- Mange opplever meir uvisse. Mennår folk held igjen forbruket går det ut over handel og næringsliv,seier han.

Spanderbukser

Gundersen rår likevelikkje norske forbrukarar til å ta på seg spanderbuksene og brukemeir pengar for å halde økonomien i gang.

- Kvar enkelt forbrukerhar ikkje noko ansvar for å halde hjula i gang. Ein må ha eitforbruk som er bra for ein sjølv. Vi kan ikkje ha det slik at folkset økonomien over styr for å sikre samfunnsøkonomien, seierGundersen.

Han legg til at dei aller fleste beheld både jobben oginntekta i 2016, og dermed ikkje trenger å tenkje noko over det.

- Men fleire er usikre og fryktar for jobben sin, og ut frå detreknar eg med at fleire kjem til å spare meir. Det er ein godstrategi dersom ein føler seg usikker, seier Gundersen. (©NPK)