Norway Cup i Oslo  i slutten av juli vert rekordstort med 1.639 lag, 32.000 deltakarar i alderen 10-19 år, 52 nasjonar og 4.200 kampar. I år vert det arrangement for 32. gong.

Geir Inge Rake i Loen har lang fartstid frå Norway Cup. I fjor deltok Loen med gutelag.

- Det blir deltaking der jamt over annakvart år. I år satsar vi på Hessa Cup i august. Elles skal vi få til ein spennande tur til Liverpool for gutelaget i oktober. Der satsar vi på kamp, omvising og meire til. Vi samlar inn pengar og skal planlegge turen så godt vi kan, seier Rake til Fjordingen.

Av lokale lag som skal til Norway Cup er Hornindal sitt gutelag klasse 13-14 år. Også i fjor var honndølene representert, då med jentelag 15-16 år, seier Edvin Haugen.

Stryn kjem ikkje til å stille lag i Norway Cup i år, opplyser John Os. Derimot vil Stryn stille med 6-7 lag i Dana Cup i Hjørring.

- Eg har tidlegare vore med fire gonger både som spelar og trenar i Norway Cup. Vi opplever turneringa i Dana Cup som enklare og meir oversiktleg for dei vaksne ansvarlege, ikkje minst knytta til transport. I Danmark går det på organisert kollektivtransport til og frå skulen, seier Os.