Ei kvinne fra Sogn og Fjordane er blitt over 2,8 millioner kronerrikare i Joker, men ho veit det ikkje sjølv.
- Ei kvinne frå Sogn og Fjordane vann 2,8 millionar kroner i Joker i går kveld, men vi har ikkje fått tak i henne enno. Norsk Tipping har forsøkt å få tak i den heldigevinnaren gjentekne gongar, men ho tek ikkje telefonen, opplyser Norsk Tipping i ein e-post til media i fylket.
Kvinna var sikra ein inngangssum på 566.000 kroner, mendå jokeren dukka opp på siste talet fauk summen rett til vers.
Men førebels veit ho altså truleg ikkje om det. Har du sjekka telefonen din siste halve døgnet?