Anders Fannemel vart nummer 19. i kvalifiseringa i storbakken i Willingen i går, og kvalifiserte seg dermed til rennet på søndag. Kvaliken vart vunnen av Jurij Tepes. I dag er det laghopp, men honndølen er ikkje med på laget som skal forsvare dei norske fargane i bakken. På laget der dei tre som ligg blant dei 10 beste i verdscupen (Kenneth Gangnes 3, Johan Andre Forfang 5 og Daniel Andre Tande 8) pluss Anderas Stjernen, som vart nummer 8 i gårsdagens kvalifisering.