Hotelleigar Jens Brokmann og kona Petra Wieth kjøper seg inn i Sauda Fjord Hotel i Rogaland. Paret eig og driv frå før Best Western Raftevolds Hotell i Hornindal.

Sauda Fjord Hotell gjekk konkurs i fjor, men no har Brokmann kjøpt 40 prosent av aksjane med opsjon på kjøp av 20 til, og det vil bli oppretta eit driftsselskap, skriv Stavanger Aftenblad.

- Betyr dette at de gir dykk i Hornindal?

- Nei, vi skal drive begge hotella. Det vert ingen endringar i drifta av Best Western Raftevolds Hotell, seier Jens Brokmann til Fjordingen.