Den årlege brukarundersøkinga som vert gjennomført påNAV-kontora i fylket, samla til saman 830 svar -og dei fleste seier seg nøgde med korleis dei blir tekne hand om, i følgje eit presseskriv frå NAV Sogn og Fjordane.
9 av 10 svarar at dei vert møtt medrespekt og møter ein saksbehandlar som er interessert i å finnegode løysingar.
- Ettersom NAV skal forvalte både rettar og plikteri møte med brukarar, er vi godt nøgde med dette resultatet, seierTore Thornes, som er direktør for NAV i Sogn og Fjordane.
På dei fleste spørsmåla i undersøkinga svarar 8-9 av 10brukarar at dei er nøgde. På mange område er resultata betre enn ifjor.
Forbetringspotensiale på nett
- Samla sett er dette eit godt resultat, og det er også kjektå registrere at Sogn og Fjordane er best i landet på det allermeste, seier Thorsnes. Han meiner likevel at det er betringsområdeogså i vårt fylke.
- Eg vil spesielt nemne rettleiinga på deinettbaserte tenestene våre. Brukarane våre ligg på langt nær ilandstoppen på bruk av dei etter kvart omfattande tenestene vitilbyr på nav.no. Vi har ikkje klart å marknadsføre desse tenestenegodt nok når over halvparten av dei som møter opp på NAV-kontoretkunne løyst sitt ærend via PC-en heime, seier han.