Nyleg lanserte regjeringa Nasjonal bibliotekstrategi, der det mellom anna vert lagt vekt på styrking og utvikling av fellestenester, noko som mellom anna skal frigjere tid og ressursar i dei einskilde folkebiblioteka.

- Regjeringa vil bidra til at folkebiblioteka blir kulturarenaerfor framtida. Biblioteka er av våre best likte og mest bruktekulturinstitusjonar. Vi ønskjer pulserande bibliotek som sprierinformasjon, kunnskap og kulturarv. Biblioteka er samtidigarena for samtale, refleksjon og dannelse som er tilgjengeleg foralle, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Dette er hovudtiltaka i strategien:

1. Felles infrastruktur

Nasjonalbiblioteket vil styrke og utvikle fellestenester som gjev felles og betre katalogdata og søk, og samstundes avlastar og frigjer tid og ressursar i det enkelte folkebiblioteket

2. Ny modell for utviklingsmidlane i strategiperioden

  • For å utvikle biblioteka som debatt- og litteraturhus vil biblioteka i strategiperioden både kunne få støtte til mindre tilrettelegging av bibliotekrommet og til å auke antal arrangement og aktivitetar

  • Nye formidlingsmetodar, frie utviklingstiltak og digital tenesteutvikling, også lokalt, skal styrkast

  • Vidareutvikling av biblioteket som læringsarena i samarbeidsprosjekt mellom skule- fag- og folkebibliotek

3. Fleire e-bøker og meir digitalt innhald

E-bøker, dataspel, digitalt kulturarvsmateriale, kort- og dokumentarfilm skal bli meir tilgjengeleg i folkebiblioteka