Ein bil køyrde inn i autovernet i den såkalla Storesvingen på fv 60 i Hornindal måndag morgon. Politibetjent Laila Fuglestein ved Stryn og Hornindal lensmannskontor opplyser at politiet ikkje har fått melding om uhellet, noko som tyder på at utforkøyringa ikkje medførte personskade.

- Etter snøfallet i natt er det god grunn til å oppmode alle bilistar om å køyre forsiktig. Det er glatt mange stader, men så langt har ikkje politiet fått inn melding om uhell med personskade, opplyser Fuglestein.