Både Tarjei Bø og gårsdagens vinnar Johannes Thingnes Bø var med i teten heilt til siste skyting på dagens jaktstart.

Men medan Tarjei (ein bom) og Johannes (to bom) måtte ut i strafferunda saman med franske Martin Fourcade, smelte austerrikske Simon Eder fem blinkar rett ned og tok sigeren. Martin fourcade vanrt nummer to, medan Michael Slesingr frå Tsjekkia vart nummer tre. Tarjei Bø vart best av dei norske på 4. plass, Emil Hegle Svendsen nr. 5 og Johannes Thingnes Bø nr. 7.