Bileta ein minnast frå barndomen vil ein som oftast ta med seg livet ut. Nokre skil seg gjerne ut.

Tenke seg til å få ein oppvekst i den alderen då ein er i stand til å forstå og oppleve det som ligg gutar flest i interessa. Uteliv i naturomgjevnader, rikeleg ispedd sjø og strand og bryggje, med nærkontakt til dampbåtar med alt det desse kunne vise fram, i manøvrering, tekniske finesser, skipet sjølv og livet på bryggja i det heile.

Vi var grannar nokre år, der ”nede med sjønå”, som vi sa. Ja, vi var ein tre, fire gutar – og jenter, men dei heldt seg meir til dukkestover og slikt. For oss gutane var livet bryggja og området der. Sjølv var eg rundt sju/åtte. ”Blaksæter” var altså namnet, også postnamnet. For ikkje å forveksle med gardane Blakset lenger oppe i bygda. At det blei ”sæter” her nede ved sjøkanten er ei anna sak som ein ikkje skal kome inn på her.

«Dampen» var det store

Her var det ”Dampen” som var det store, den kom til kai fire gonger i veka, to på innover og dei same to på utover. Innover onsdag føremiddag og ut om kvelden, laurdag det same. Seinare blei det søndag, og det passa betre med fritida. Når ein vart noko eldre var det sport å gå ”Stolen” (fjellet) inn til Faleide og fylgje båten ut att. Det kosta ikkje mange øra.

Og så var det naust og båtstø og lagerbygningar, den eine med dueslag under gavlmønet, butikk, mykje hestetrafikk, stallar og ein stor ”lasteplass” fram på sjømuren, ofte med store tømmerstokk-lunnar og slikt. Ein herleg tumleplass. På lasteplassen, ja, den heitte så, ”den største og einaste flate plassen i heile Blaksetbygda”, her var det ypparleg plass for krokettbane, som blei flittig nytta, særleg søndagskveldane medan ein venta på dampen. Plassen vart også nytta som bryllaupstun, med bordsete i Fruktpakkelageret, men det var rett nok nokre år etter ”gutetida”. Den var og ein ypparleg utstillingsplass.

Hesteutstilling

På vårparten var det hesteutstilling her, ”merrasjå.” Då var det liv og røre. Hestefolket kom heilt frå ytste Fjelli og bygda elles, dei langfarande i kjerrer, langvogner og jamvel møkavogner, dei nærare gjekk, med hesten tøyla. Stallane var i fullt bruk slike dagar, og mykje folk i alle aldrar samla seg rundt sjølve ringen. ”Faleiden”, agronomen frå Sandane, var alltid tilstades ved slike ”sjå”, der han vandra mellom hestane og hestefolket. Som stressa det beste dei kunne for å trimme hestane og finne rette posituren, helst finne ein liten kul i bakken for bakbeina så dei fekk ”løft i krysset”. Under ei slik utstilling var turen komen til Anders. Etter at hesten var saumfaren på alle vis, skulle fylgjande replikkføring ha funne stad, etter at domaren hadde kommentert eit lyte ved det stilte dyret. Anders: ”Ja, dei blei slik alle etter Paulen” Den andre: ”Paulen?, er ikkje det ein prost ut i fjorden ein stad”. Anders hadde reie svar omgåande: ”Jaså, er han blitt prost no, han var då hingst sist eg var med merr te’ nå’ ” Det er ikkje sagt noko om kva reaksjon domaren stod igjen med, ei heller om Anders-merra fekk sløyfe eller ikkje.

Denne ordvekslinga kom sjølvsagt ikkje oss strik-gutane for øyra, vi hadde andre ting å vere opptekne av. Men at det gjekk fleire kuler varmt der inne i ringen står det vel ikkje å nekte for.

I neste avsnitt skal vi oppleve litt av livet på bryggja når ”dampen” kjem.

Blaksæter bryggje: Stillfoto frå filmen til Blakset Sauealslag 1952–53. Før storbrannen der hus m/butikk og begge lagerbudene brann ned til grunnen.
Merrasjå: Illustrasjonsfoto frå hesteutstilling. Personane på bildet er Laila og Anfin Steindal. Med løyve frå eigar Magnus Grimstad, Naustdal.
Lasteplass: Bryllaupstun, «Lasteplassen». Foto: Kåre Nygård