Politi åtvarar mot svindel via telefon til innbyggjarar i fylket.

- Mottek ein telefon frå nr. 37178822298, så rasar telleskritta ut, opplyser politiet via Twitter.

I følgje Firda har Telenor sin informasjonssjef Anders Krokan korrigert dette litt: Dette er eit svindelnummer, men det er først og fremst når du ringjer tilbake at du får problem. Det er nemleg dette svindlarane håpar på: Når du ringjer tilbake til dette nummeret, kjem du til dyre teletorgtenester, noko dei tener stort på - medan du betalar.