Politiet hadde laserkontroll på rv 15 ved Svarstad, nokre kilometer vest for Stryn sentrum i kveld. Den unge stryningen vart målt til 130 km/t, og måtte gje frå seg førarkortet på staden. Føraren hadde med seg ein passasjer i bilen, opplyser politiet. Kontrollen vart gjennomført i tidsrommet kl. 1930-20.30 og det vart ikkje skrive ut forenkla førelegg i kontrollen.

Seinare i kveld har politiet kontrollert trafikken i 60-sona på Fosnes. Det blir meldt om liten trafikk og fin køyring.

Strynepolitiet har gjennomført fleire fartskontrollar etter at politiet i Nordfjord fekk ny laser tidlegare i år. Totalt er det så langt i år beslaglagt om lag 25 førarkort for fart og promille i Stryn og Hornindal.

Ung stryning mista førarkortet i laserkontroll fredag kveld. (arkivfoto) Foto: Bengt Flaten