I går gjekk startskotet for siste del av oppgraderinga av «Norges verste veg», fv 60 Olden-Innvik. Entreprenørfirmaet Kruse Smith, som har hovudkontor i Kristiansand, har hovedentreprisen.

Arbeidet skal vere avslutta sommaren 2018. Innan den tid skal ei strekning på om lag fem kilometer på fv 60 mellom Ugla og Skarstein vere utbetra. Prosjektet omfattar ein 1.170 m lang tunnel forbi Vangberghammaren, og skal vidare gå mot Olden langs eksisterande trase med enkelte justeringar av veglinja. Arbeidet vil starte med påhogg og tunneldriving ved Ugla, opplyser Statens vegvesen.