- Han har fortent dette så utruleg. Eg gler meg like mykje over han som over meg sjølv, sa Ole-Einar Bjørndalen, bronsemedaljevinnar, rett etter at Johannes Thingnes Bø hadde gått inn som verdsmeister i siste distanse i VM i Holmenkollen i ettermiddag.

Ein svært glad bøar kyssa snøen på oppløpet etter at han hadde "tatt ein Northug" og passert den tredoble verdsmeisteren Martin Fourcade i kneika før oppløpet.

Det var ein svært motivert og fokusert Johannes skaut alle fem blinkane rett ned og var med i tetklynga alt ut frå første liggande, medan Tarjei fekk ein bom og måtte ut i strafferunda saman med m.a. Martin Fourcade. I løpet av runden hadde Tarjei gått seg opp igjen til tetklynga, som kom samla inn på standplass.

Biletet var det same på andre skyting: Fullt hus på Johannes, og ein bom på Tarjei.  På andre runde gjekk Johannes opp i tet i første bakken og sette opp frekvensen i bakken, og fekk ei luke til resten av tetgruppa. På første ståande vart det ein bom, men ein hårfin bom på siste skotet gjorde at han måtte ut i strafferunda. På grunn av forspranget var han likevel berre åtte sekund bak teten ut frå skyting. Etter  halvgått runde var han igjen oppe blant dei åtte som låg i tet: Fourcade, Bjørndalen, Bailey, Eder, Bø, Lesser, Shipulin og Semenov. Midtvegs i runden sette Fourcade opp farten og fekk ei luke. Ingen følgde franskmannen, som kom åleine inn på standplass til siste skyting for å prøve å ta sitt fjerde individuelle VM-gull i Holmenkollen. Der prikka han inn fullt hus, side om side med Ole-Einar Bjørndalen. Johannes skaut også fullt, og gjekk ut i rygg på Bjørndalen. Avstanden frå Johannes opp til Fourcade var 7 sekund.

Tarjei skaut fullt på begge ståandeskytingane, men hadde fått for lang avstand opp til teten til å kunne kjempe om medaljene. Ut frå skyting låg han på 9. plass, men sette opp stor fart og avanserte oppover i feltet. Avstanden opp til pallen var for stor, men han hadde dagens beste langrennstid og gjekk inn til ein sterk 6. plass.

På veg ut bak tribuneanlegget hadde Johannes allereie passert Bjørndalen, i full gang med å jakte på Martin Fourcade. Han tok inn franskmannen i bakken, og midtvegs i første bakken passerte han den tredoble versmeisteren og tok teten. Fourcade låg i ryggen på stryningen,  og prøvde å passere Johannes på innersving, utan å lukkast. Då dei passerte 13,5 km køyrde han i voldsom fart, men hadde framleis ikkje rista av seg franskmannen. som hang på som ein klegg. På flata nedanfor gratishaugen gjekk Fourcade forbi, og Ole-Einar Bjørndalen hadde nærma seg dei to i tet.

Johannes smatt forbi Fourcade i svingen og kom først inn på Northugflata, og kom først inn på oppløpet og gjekk i mål som VM-vinnar til ellevill jubel frå fullsette tribuner.