Oldedalen Skyss AS og Briksdalsbre Fjellstove AS ønskjer fjerning av eit punkt i den føreslegne avtalen mellom Stryn kommune og Nordfjord Havn. Dette gjeld avtalepunktet 4.2. som tek føre seg parkering og på- og avstigning på cruisekaia i Olden. Her står det mellom anna at av- og påstigning for cruisepassasjerane skal føregå på "Myklebusttomta" som ligg ca 650 meter frå kaiområdet.

- Uheldig for næringsaktiviteten

- Dersom dette er å forstå slik  at alle cruisegjester som skal på organisert tur må gå 650 meter -omlag 15 minutt tur/retur- til ny oppstillingsplass for på- og avstigning bussutflukt til Briksdalen, og ikkje ha mulegheit for å gå ombord i bussen ved eksisterande kai, er dette uheldig for næringsaktiviteten i Briksdalen, står det å lese i eit brev til Stryn kommune, underteikna Rogeir Haugen og Per Briksdal på vegne av dei to bedriftene.

Fryktar redusert salg

I brevet peikar dei på fleire uheldige konsekvensar eit slikt grep kan få, når tida til utflukt blir redusert frå 2,5 til 2 timar:

* Turen i Briksdalen kan ikkje gjennomførast med dei tenestene som er innlagt i dag, men kun til breen og ingen servering eller annan næringsaktivitet. Denne situasjonen har vi hatt med skip som har hatt kun 2 timar disponibelt.

* Turen til Briksdalen blir ikkje selt i det heile pga for lite tid disponibelt.

* Redusert salg av turar fordi det vert for krevjande for dei eldre passasjerane å gå 1.300 meter i tillegg.

- Punktet bør strykast

Dei dreg også fram trafikkflyten som blir berørt av ei slik endring. I dag er det ei grundig planlegging og timing av busstrafikken frå Olden opp mot bussar som kjem frå Geiranger. Med endra avgangar som følgje av flytting av på- og avstigning, kan også dette bli ei utfordring dersom avtalen blir ståande som føreslått.

- Vi ber kommunen vektlegge momenta vi kjem med. Punkt 4.2 bør etter vår meining strykast, avsluttar dei brevet med.