Fylkesårsmøtet i Kristele Folkeparti seier i ei fråsegn at dei vil avviser krav som øydelegg for små energiselskap.

- Våren 2016 skalStortinget handsame framlegg til endringar i Energilova.Lovframlegget legg opp til eit selskapsmessig og funksjonelt skiljemellom nettverkssemd og andre aktivitetar i energiselskapa. Detteframlegget tek ikkje omsyn til ulik storleik for energiselskapa,noko som vil føre til auka kostnader for dei små energiselskapa,utan at det er dokumentert nytte, heiter det i fråsegna.

- Dersom Stortinget går for dennelova vil krava vere strengare enn EU sine – som har unntak forselskap med færre enn 100 000 kundar. Det er allereie eiskeivfordeling av nettkostnad der kundar og verksemder i distriktamå betale meir enn dei i byområde. Sogn og Fjordane KrF meiner einbør legge til rette for unntak for selskap med færre enn 100 000kundar når lova blir handsama i stortinget. I komiteen sibehandling fredag har Venstre støtta regjeringa sitt framlegg.

KrF seier dette er ei viktig sak for distrikta og for lokalt eigarskap tilnaturresursar.

- Sogn og Fjordane KrF oppfordrar Høgre, FrP ogVenstre til å ikkje tvinge dette gjennom med eit så knapt fleirtali stortinget, heiter det i fråsegna frå Sogn og Fjordane KrF.