Stryn gjer seg klare for ei ny helg med festlegheiter i telt i sentrum. På hausten er det Oktoberfesten, på vinteren er det Treskifestivalen, og denne helga er det klart for ei nyskaping: Feiring av St. Patrick's Day med inspirasjon frå Irland, "The Green Island".

Det er Stryn Ping Pong Club (også arrangør av Oktoberfesten) som iviterer til  irsk fest med feiring av St. Patrick's Day. Husbandet har lagt vekk ompamusikken og slått seg på irske folketonar, det skal serverast lam og det vert irske slagerar som The Wild Rover med The Irish Sidekicks. Opprinneleg var det Olden UL som "adopterte" St. Patrick's Day-feiringa. No har SPPC overteke stafettpinnen, men samarbeidet med oldarane er nært. I kveld vil såleis Olden Singers underhalde i teltet.

I god Ping Pong-ånd vert det også denne gongen lotteri. Medan det vert spela bingo på Oktoberesten, vert det god, gammaldags basar i teltet i kveld.