Anne Kristin Moe tok til i stillinga som avdelingsdirektør i MiSF,avd. Nordfjord Folkemuseum denne veka.

Anne Kristin Moe kjem fråstillinga som konservator for eldre bygdekultur ved NorskFolkemuseum. Der har ho sidan 2011 hatt det kulturhistoriskeansvaret for museet sine gjenstandar knytt til bondesamfunnet. Hohar tidlegare vore leiar for Norsk institutt for bunad ogfolkedrakt og skrive fagartiklar og bøker om bunad.

Anne Kristin Moe er frå Ålesund og har slektsrøter iGloppen. Ho er utdanna ved Høgskolen i Telemark og Universitetet iOslo og har mastergrad i kulturhistorie. Ho skal arbeide i 60 prosent vedNordfjord Folkemuseum og 40 prosent ved Norsk Folkemuseum for å fullføreeit prosjektet som ho er leiar for. Frå 1. juni er ho i fullstilling på museet på Sandane. Dette kjem fram i ei pressemelding frå MiSF.