Isak Hopland frå Hardbagg IL kom først inn til mål under det årlege Holmøyskarrennet i dag. - Eg hadde skikkelig god gli i dag! Det er noko av det beste eg har vore borti, sa ein blid 18-åring etter å ha gått i mål om lag eitt minutt før 22 år gamle Johan Eirik Meland, som går for Markane IL. - Han vann berre på grunn av glien! spøkte Meland med eit smil om munnen. I dameklassen var det Gunn Skrede, også frå Markane IL, som gjekk best. - Det er kjempekjekt å gå skirenn igjen! sa ho og gliste. Det var veldig fine løyper, så det gjer ingenting at det var litt surt vêr. Trass litt dårleg vêr var det bra oppslutnad om det 49. Holmøyskarrennet. Arrangøren er godt nøgd, og kan fortelje at rundt 350 menneske har vore ute og gått i dag. Løypa dei gjekk er om lag 18 km lang, med start og mål ved Nordfjord Fritidssenter på Fjelli. - Vi har fått mange positive tilbakemeldingar på at vi la om til ei kortare løype, fortel rennleiar Arne Sølvberg. - Det er fleire som har sagt at om vi hadde hatt den lange løypa så hadde dei ikkje gått i dag. Det vert ein større reportasje om Holmøyskarrennet i avisa på tysdag.