Det vart ein kveld av dei sjeldne i Stryn kulturhus laurdag. Fullsett sal med lydhøyrt publikum gav stor applaus til ei fantastisk stemme og tre dyktige musikarar då Rita Eriksen varta opp med Eva Cassidy-låtar.
Men hovudpersonen måtte både hoste og kremte mellom kvar song.
- Eg og fleire av musikarane har inluensa i kroppen, orsaka Eriksen seg.
- Eit sykt bra orkester, kom det frå bror Frank spontant. Vi for vår del tenkte at musikarane var plukka frå øvste hylle. Lyden var balsam for øyrene.
Rita Eriksen blei Cassidy-fan då ho høyrde henne syngje «Over the Rainbow».
- Stemma og songane greip meg skikkeleg. At vi no dreg på turné med songane hennar, er heilt naturleg. Ho let etter seg ein fantastisk songskatt, sa Rita Eriksen etter ein stor kveld i Stryn.
Les meir om konserten i Fjordingen tysdag