Det vart 7. plass på Johannes Thingnes Bø på dagens sprint i Khanty-Mansiysk. Med ein bom på liggande og fullt hus på ståande skyting var han 1.02 bak vinnar Julian Eberhard frå Austerrike.

- Bra løp, ikkje fullt så bra ski, sa han til NRK etter løpet.

- Johannes kjem i mål på åttande beste langrennstid, det er eit tydeleg teikn på at i dag har ikkje skia vore gode nok, sa NRK sin ekspertkommentator Halvard Hanevold.

Tarjei Bø skaut ein bom på liggande og to på ståande, og ligg i skrivande stund på 33. plass.

- Det er vanskeleg å treffe med smøringa her i Khanty, kommenterte han til NRK etter at det var tydeleg at dei norske ikkje hadde dei raskaste skia i rennet.

I morgon er det jaktstart, før verdscupfinalen i fellesstart søndag.