Tre menn har innrømt å ha stole einpalle med over 200 pizzaer i Stryn. Saka vart oppklart etter tips frå folk somfekk tilbod om å kjøpe rimeleg pizza.

Tjuveriet av ein palle frosenpizza fråein lastebilhengar på Svarstad førre helg er oppklart. Politiet var på stadenog sikra seg spor, blant anna fotavtrykk inne i hengaren der pallen stod. Korttid etter at politiet hadde vore på staden kom det tips om at folk hadde fåtttilbod om å kjøpe pizza.

- Vi fann raskt fram til den einepersonen vi fekk konkret tips på, og deretter fann vi fram til to personar til.Skoen til den eine mannen stemte med avtrykket vi hadde sikra frå hengaren,fortel politistudent Edvard Soløy. Som legg til at dei tre tjuvane som alle erbusette i indre Nordfjord innrømte forholdet.

- Deistal ein palle med til saman 203 pizzaer. Pizzaen er ikkje komen til rette, mendei tre må no betale erstatning til eigaren av pizzaen. I tillegg kan dei reknemed å måtte betale kvar sin bot, seier Soløy.