Politiet fekk litt før klokka 05.30 søndag morgon melding frå fleire bilistar om at tre kyr hindra trafikken gjennom Kvivstunnelen.

Ei lokal politipatrulje fekk varsla eigaren, og dei hjelpte til med å få dyra trygt ut av tunnelen. Korleis kyra kom inn i tunnelen, er ikkje opplyst.