Rådmann Jan Kåre Fure rådar politikarane i Gloppen om " å ta det med ro" når det gjeld drøftingar om kommunesamanslåing i midtre og indre Nordfjord.

Det kjem fram i tilrådinga hans til Gloppen formannskap, før møtet måndag 17. oktober.

"Formannskapet tar Fylkesmannen si oppsummering, vurdering og tilråding om kommunereforma til orientering, men meiner at det i dag ikkje er grunnlag for å ta opp att drøftingane om ein felles kommune i midtre og indre Nordfjord", heiter det i framlegget hans til vedtak.

Saka kjem opp i samband med at fylkesmann Anne Karin Hame oppfordra Eid, Gloppen og Stryn, om å ta opp nye drøftingar med tanke på ei felles kommune.

Fure skriv i tilrådinga at dette først og fremst er eit politisk spørsmål som rådmannen kan la vere å meine noko om.

– Eg tillet meg likevel å peike på at det må ligge eit stort alvor bak ein eventuell ny runde om kommunesamanslåing no. Eg kan ikkje sjå at det i dag er grunnlag for å starte opp att noko utgreiingsarbeid med tanke på samanslåing med Eid og Stryn. Det er ikkje kome til noko nytt i saka. Skulle talet på kommunar i det som i dag er Sogn og Fjordane kome under ti, i tillegg til at fylket vårt også blir historie, er det ein ny situasjon, skriv Jan Kåre Fure.

Rådmannen trur det blir fleire høve til å ta opp att saka. Tilrådinga hans per i dag blir difor «å ta det med ro».

Måndag er det opp til gloppenpolitikarane å gjere vedtak i saka.