– Den positive utviklinga held fram i fylket, og vi ser også tydlege teikn på at situasjonen for dei andre vestlandsfylka er i ferd med å snu. I Rogaland er det 739 færre ledige enn på same tid i fjor. Dette gjev von om at vi no har sett toppen av problema som oljekrisa har skapt på Vestlandet, seier Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane.
– Ved utgangen av mars er det 1 129 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 188 færre enn for eitt år sidan og svarar til ein reduksjon på 14 prosent, fortel Thorsnes. Med ei arbeidsløyse på 1,9 prosent har Sogn og Fjordane, saman med Oppland, lågast arbeidsløyse i landet. På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 9 prosent frå same månad i fjor. Det er no 81 327 heilt ledige, tilsvarande 2,91 prosent av arbeidsstyrken.
Førde og Flora med størst reduksjon
17 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i arbeidsløysa i februar. Reduksjonen er størst i Førde og Flora med høvesvis 52 og 39 færre ledige enn på same tid i fjor. Solund har lågast arbeidsløyse med 0,5 prosent. Deretter kjem Gloppen med 0,9 prosent. Den høgaste arbeidsløysa finn vi i Bremanger og Selje, begge med 3,6 prosent.
God utvikling i bygg, anlegg og industri
Det er nedgang i arbeidsløysa i dei fleste av dei største yrkesgruppene i fylket. Størst nedgang i arbeidsløysa er det innan bygg, anlegg og industri, som begge har 41 færre ledige enn i mars i fjor. I dei næringane som har ein auke, er auken svært liten. I mars var det 191 heilt permitterte i Sogn og Fjordane. 50 av desse kjem frå bygg og anlegg og 91 frå industri (av dette 74 frå fiskeindustrien).
Positivt for arbeidsinnvandrarar
Talet på heilt ledige innvandrarar frå vestlege land, som stort sett er arbeidsinnvandrarar, er redusert med 61 personar frå mars i fjor. Dette svarar til ein reduksjon på 25 prosent. Innvandrarar frå ikkje-vestlege land har ein reduksjon på 8 prosent, mens etnisk norske ledige har ein reduksjon på 13 prosent.
Arbeidsløysa mest ned blant unge
Samanlikna med februar i fjor, er det nedgang i arbeidsløysa i alle aldersgrupper. Nedgangen er størst i aldersgruppene under 30 år.
Nedgang i stillingstilgangen
Stillingstilgangen har gått ned med 34 prosent, samanlikna med mars i fjor. I første kvartal er det ein reduksjon på 17 prosent. Nedgangen i mars er størst innan kontorarbeid og helse, pleie og omsorg, mens ingeniør- og ikt-fag har størst auke. Det er flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg og innan undervisning.
– Stillingstilgangen svingar mykje frå månad til månad, og nedgangen i mars må sjåast i lys av at det var svært høg stillingstilgang i mars i fjor, seier Thorsnes.