Det er NRK Vestland som melder saka.

Mennene har vore fengsla i fire uker med brev- og besøksforbod. Ifølgje NRK er det uvisst kor lang fengslingsperiode politiet vil be om, men dei ønskjer forlenga varetekt ettersom det står att etterforsking.

Valdtekta skal ha skjedd i Stad kommune og alle dei tre sikta er frå Nordfjord.

Straffesaksansvarleg Askel Rødland i Sogn og Fjordane har tidlegare sagt til Fjordenes Tidende at alle impliserte i saka, både fornærma og dei sikta, er avhøyrde:

– Vi har teke imot forklaring frå alle de tre sikta. Det er så mykje eg kan seie. Eg kan ikkje gå inn på den enkelte forklaring eller innhaldet i forklaringane.

Ifølge Rødland hadde politiet då også relativt god oversikt, dei hadde avhøyrt andre vitne som hadde vore i området, som kan ha sett, høyrt noko eller ha viktige opplysningar i saka. Og dei hadde gjort ei kartlegging av personar og vitne som de ville avhøyre.