Frankrike kom i mål over eitt minutt bak ankermann Vetle S. Christiansen.

Det norske laget fekk totalt seks ekstraskot, og ingen andre var i nærleiken av å true sigeren.

Etter at Sturla Lægreid gjennomførte ein god førsteetappe, førte Tarjei Bø laget opp i tet etter eitt ekstraskot på liggande og fullt hus på ståande. Han veksla med veslebror Johannes eit halvt minutt før neste lag.

– Det var deilig å gå i leiing i løpet. Eg hadde god fart i sporet, og fekk til skytinga. No kan nervane roe seg før VM. Dette var ein god generalprøve, sa Tarjei til NRK etter etappen sin. Han gleda seg no til å kome heim att.

Johannes Thingnes Bø brukte to ekstraskot på liggande, men plaffa ned alle blinkane med ein superserie på berre 18 sekund. Han auka leiinga til over halvminuttet ved siste veksling.

Ankermannen måtte bruke to ekstraskot, men kom i mål i einsam majestet.

– Solid stafett av eit suverent Norge i dag, meinte kommentatorane på NRK.

Dette var siste renn før VM i skiskyting i Oberhof 8.-19. februar.