Det er kaldt i Sogn og Fjordane, og mange set frå seg bilen utan å låse og med motoren i gang. For mange kan dette bli ei kostbar oppleving, i følgje forsikringsselskapet Gjensidige.

Minusgrader, kald motorog kald kupé. Då er det gjerne freistande å stikke innom bensinstasjonen eller kiosken for ein kopp varm kaffi. Men dersom du har gått frå bilen med motoren i gang og med ulåste dører, kan det få konsekvensar om bilen forsvinn medan du er borte Og det skjer oftare enn ein gjerne trur, i følgje forsikringsselskapa.

- Vi ser at bilen står og går på tomgang uitanfor bustadar for at blilen skal bli varm og isfri før folk dreg på jobb. Eller dei står på tomgang utanfor bensinstasjonar, butikkar og barnehagar. Dette er ein invitasjon til "uærlege sjeler"  som er på jakt etter eit nytt framkomstmiddel, seier Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige.

- I dag er det nesten umulig åstele ein nyare bil utan original nøkkel, og dette vet tjuvane. Men kvart år opplever Gjensidige at fleire titals kundar får bilen stolen på denne måten, seier Voll.

No ber han bileigarane passe ekstra godt på no når det er så kaldt ute.

- Forlet du ein bil som går på tomgang utan tilsyn, er dette eit brot på sikkerheitsforskriftene som seier at bilen skal vere lukka og låst når han blir forleten, og at nøkkelen ikkje skal oppbevarast i køyretøyet. Står nøkkelen i tenningslåsen, vil ikkje startsperra forhindre tjvueri av bilen, og forsikringsselskapa reknar dette som grov uaktsomheit dersom bilen forsvinn. Blir bilen stolen i eit område der det ferdast mykje folk, kan det i verste fall føre til ei kraftig avkorting, seier Voll, som legg til at det også er viktig å tenkje på miljøet når ein vurderer tomgangskøyring.

I Sogn og Fjordane forsvinn det fleire bilar kvart år. Dei aller fleste er stolne. Forsikringsselskapet fortel om desse døma:

  • Ein familie hadd pakka bilen og var klare for å reise på skiferie. På vegen stoppa dei ved ein kiosk for å kjøpe mat. Bilen vart parkert med motoren i gang utanfor, og då dei kom ut var bilen vekk.

  • Ein tilsett i eit bodbilfirma stoppa på gateplan. Sjåføren skulle berre levere ein liten pakke, og parkerte bilen med nøkkelen i tenningslåsen og motoren i gang. Då budbilsjåføren kom tilbake var bilen borte.

  • Første nyttårsdag i år vart ein bil som stod med nøkkelen i låsen stolen. I bilen var det ein hund i bagasjerommet. Forsikringsselskept fortel at der også er liknande historier om bilar som har blitt stolne med barn fastspente i barnesete i baksetet.