Stryn kommunestyre skal på møtet 31. mars handsame avtalen om kostnadsfordeling mellom Nordfjord Havn IKS og Stryn kommune. Det skjer etter at kommunestyret to gongar har utsett saka.

Dersom kommunestyret godkjenner føreliggjande avtale, vil Nordfjord Havn få råderett over allt nødvendig landbasert real for å handtere cruisetrafikken i Olden.Hovudinnfallsvinkelen for avtalen er at kommunen skal stå for sikring av nødvendig landbasert areal og gjennomføre utbygging, mot at Nordfjord Havn refunderer finansieringskostnadane basert på sjølvkostprinsippet.

I den opprinnelege avtalen som Nordfjord Havn IKS signerte i fjor haust, låg det an til at dei skulle kunne reforhandle avtalen uavhengig av årsaker. Dette punktet blir no justert, slik at reforhandling av avtalen berre kan skje av årsaker som Nordfjord Havn ikkje rår over.