Regjeringa og støttepartia har gjort ein svært viktig ryddejobb når ordninga med elsertifikat, såkalla grøne serifikat, no er komen på plass for anlegg med byggjestart etter 2004. Ordninga vart endeleg vedteke i Stortinget rett før helga og sikrar også at anlegg over 10 MW får ta del i ordninga. For Innvik Kraftverk som har slite med dårleg økonomi i fleire år, er dette svært godt nytt. Ordninga vil kunne snu underskot til overskot og gjere det økonomisk interessant å produsere rein og fornybar energi.

Mange av kraftutbyggingsprosjekta som vart sette i gang etter 2004 baserte seg delvis på lovnader gitt av førre regjering. Når løfta ikkje vart innfridde, har dette gitt betydelege økonomiske problem for kraftverka. Styreleiar i Innvik Kraftverk Jan Træen som og er lokal Ap-politikar, seier rett ut at Innvik kraftverk har følt seg lurt. Før helga uttrykte han stor glede over at dei brotne lovnadene no blir retta opp, og han gav all ære til sitjande regjering og støttepartia KrF og Venstre.

Innvik Kraftverk er langt frå åleine om å ha følt seg lurt. Mange kraftverk har slite fordi dei raudgrøne gjekk frå løfta og dermed endra det økonomiske fundamentet for mange utbyggingsprosjekt. Mange år har gått og mykje vatn har rent i havet sidan 2004. Saka om grøne sertifikat, som er ein felles norsk-svensk støtteordning for å bidra til auka produksjon av fornybar energi i dei to landa, er eit skuleeksempel på korleis politikk ikkje skal drivast. Når det vert gitt klare lovnader, må ein stå for dei. No vart det ei ny regjering og deira støtteparti som rydda opp i gamle synder. All ære til dei for det. Med ryddejobben på plass, er grunnlaget betre for å nå målet om ein betydeleg auke i produksjonen av fornybar energi.

Samla mål for ny fornybar produksjon i det felles elsertifikatmarkedet er 26,4 TWh i år 2020. tilsvarande straumforbruket til over halvparten av alle norske husstandar.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør