Både Tarjei Bø og broren Johannes Thingnes Bø gjekk med god fart i sporet under dagens jaktstart i Östersund, men løpet vart øydelagt på standplass for begge.

Tarjei, som gjekk ut som nummer 15, fekk tre bom på liggande og to på ståande, og gjekk seg opp ein plass på listene. Farten i sporet var stor, han hadde dagens nest beste langrennstid, 0,1 sekund bak Dominic Landertinger.

Johannes, som gjekk ut på det beskjedne startnummeret 40, gjekk seg ti plassar opp på lista og hadde omlag same tid som broren. Han starta aller best av dei norske i sporet, og skaut fullt hus på begge ståandeskytingane. Men på liggande gjekk det verre, med fem bom fordelt på dei to skytingane vart det ikkje vidare avansement oppover lista.

Løpet vart vunne av Martin Fourcade, som dermed beheldt gårsdagens plassering. Av dei norske løparane vart Emil Hegle Svendsen best med 3. plass, vidare plasseringar: Ole Einar Bjørndalen 7, Aleksander Os 8, Tarjei Bø 14, Vetle Sjåstad Christiansen 15, Johannes thingnes Bø 30.