3 divisjon. Menn.

Stryn tok imot Sotra framfør snaut 50 tilskodarar i Strynehallen laurdag ettermiddag. Det starta godt for heimelaget som etter første kvarteret leia 8 - 3. Til pause hadde raudtrøyene berre ei firemålsleiing. Etter pause vart det heller aldri spanande. Bortelaget, som stillte heilt utan reservespelarar, makta aldri å utlikne mot heimelaget som hadde god kontroll kampen igjennom.

Trass i at heimelaget sløsa bort ein heil del sjansar vart stillinga 34 - 23.

Nysigneringa Leon Pavlovic, som allereie er ein av divisjonen sin mestscorande spelarar, hadde ni nettkjenningar mot Sotra laurdag.

Trass i ein sterk siger hadde heimelaget sin trenar eitt og anna å utsette.

- Sotra stiller utan reservar så vi veit at dei kjem til å bli slitne utover i kampen. Vi gjer altfor mange dårlige val i denne kampen, spesielt framover. Vi burde hatt ti mål til. Ellers er vi gode defensivt i ein greit gjennomført kamp, kommenterar Johnny Hove etter kampen.

Meir om denne kampen i papiravisa tysdag.