Først får landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) refs for å ha feilinformert Stortinget om eit brev til kommunane om vern av matjord. Så går Bondelaget til angrep på sjølve innhaldet.

– Bestillinga er svært tannlaus. Det må sterkare lut til for å sikre at meir matjord ikkje forsvinn til fordel for andre interesser som bustad- og vegutbygging, seier generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag.

I brevet til kommunane, fylkeskommunane og fylkesmennene slår Dale fast at han har tillit til at dei nyleg skjerpa jordvern-måla Stortinget har fastsett, blir følgde opp.

– Jordvernstrategien inneheld fleire tiltak. Tiltaka er i hovudsak innanfor areal- og transportplanlegging og på område der kommunane og fylkeskommunane har eit stort ansvar, poengterer statsråden.

– Ikkje nok

Før jul i fjor vedtok Stortinget at målet for årleg omdisponering av dyrka mark gradvis skal reduserast frå 6.000 til 4.000 dekar fram mot 2020. Reduksjonen utgjer ein reduksjon på ein tredel frå nedbyggingsnivået i dag.

Skorge har inga tru på at målet blir oppfylt med mindre Dale blir mykje tydelegare overfor kommunane og fylkeskommunane.

– Dei må få ein langt klarere beskjed om at veg- og bustadbygginga må vike for landbruket der det er konflikt om disponeringa av dyrkbar matjord, seier han.

Bondelaget meiner den ferske landbruksministeren ikkje har noka tid å miste.

– Vi treng både gulrot og pisk for å komme i mål, seier Skorge.

Han ber Dale jobbe for å få på plass ei lov som gir matjorda sterkare juridisk vern og dessutan bruke økonomiske verkemiddel for å stimulere til redusert nedbygging.

Feil informasjon

– Det er regel nummer éin for alle statsrådar å snakke sant i Stortinget, sa næringskomiteleiar Geir Pollestad (Sp) til NTB tysdag.

Han meiner Jon Georg Dale feilinformerte Stortinget da han i debuten sin i spontanspørjetimen i førre veke viste til eit brev som enno ikkje var sendt. Det skjedde i ei replikkveksling om oppfølginga av jordvernstrategien.

Problemet var at brevet først vart sendt tysdag – veka etter Dales spørjetimedebut. I dagane før hadde NTB fleire gonger bedt Landbruksdepartementet klargjere kva slags brev det var statsråden sikta til i svaret sitt.

– Eg hadde kvittert ut brevet på det tidspunktet eg svarte Stortinget. Dessverre var ikkje brevet sendt ut til kommunane. Brevet er no ekspedert og med det innhaldet eg varsla Stortinget om, heitte det i ei skriftleg fråsegn frå Dale til NTB tysdag.

Pollestad meiner det er kritikkverdig at Dale ikkje på eige initiativ rydda opp i denne misforståinga overfor Stortinget. (©NPK)