30. juni 2016 er siste frist for å fatte vedtak om kommunesamanslåing.

- I møtet med statsråd Jan Tore Sanner fekk vi klar beskjed om at det er uaktuelt med utsetjing.  Så tida er uhyre knapp, spesielt så lenge Ørsta og Volda ikkje har avklara sitt forhold til Hornindal og Stryn, seier ordførar Sven Flo til Fjordingen.

Kommunestyra i Ørsta og Volda var sist veke samla på Hotel Alexandra i Loen. Ordførane Stig Olav Lødemel og Sven Flo som gjennom innlegg gjorde det klart at det frå Hornindal og Stryn si side er ønskjeleg å få utgreidd alternativet som omfattar kommunane på begge sida av fylkesgrensa, måtte innsjå at dei ikkje fekk noko svar. Konklusjonen på møtet var at Ørsta og Volda gjennom rådgjevande folkerøysting 19. mai skal avklare forholdet seg imellom. Og så får Hornindal/Stryn kome inn som eventuell rakett nummer to.

- Dei to sunnmørskommunane spelte vel på denne måten Hornindal/Stryn sjakk matt, jfr. tidsfristen -  eller kva seier du, ordførar Sven Flo?

- Nei, ikkje nødvendigvis. Men det føreset at vi får ei raskare avklaring med Ørsta/Volda enn deira folkerøysting legg opp til.  Ved påsketider bør  det liggje før eit svar dersom vi skal halde våre tidsfrsitar.

- Men er det realistisk når Ørsta/Volda først skal ha folkerøysting 19. mai?

- Vi vil presse på for at Ørsta/Volda gjev raskare svar på om dei ønskjer at Hornindal/Stryn skal inngå i deira folkerøysting, slik det er ønskjeleg frå vår side.

- Kva med folkerøysting i Stryn og Hornindal viss det ikkje blir andre val enn 0-alternativet (eigne kommunar) og samanslåing med Hornindal/Stryn?

- Spørsmålet om folkerøysting blir politisk avklara før påske.

- Men det er vel ikkje så mykje å spørje folk etter viss det økonomiske tilseier at Hornindal/Stryn må slå seg saman for at det ikkje skal bli enorme økonomiske tap - og det ikkje finst alternativ som inkluderer Ørsta/Volda?

- Av den grunn blir det spesielt viktig å få avklart om Ørsta/Volda er noko alternativ før vi går ut spør kva våre innbyggjarar ønskjer. Dersom vi skal vente på den andre rakettoppskytinga til Ørsta/Volda, vil tida renne ut. Så difor kjem vi til å presse på for at Ørsta/Volda gjev svar på om dei ser Hornindal/Stryn som eit alternativ - og der dette vert teke med i deira folkerøysting, sluttar Sven Flo.

-