Fem av dei sju medlemmene i Stryn formannskap støtta rådmannen sitt framlegg om å seie nei til deltaking i felles overgrepsmottak i Sogn og Fjordane. Mindretalet røysta for tilråding om at Stryn kommune skal vere med i ordninga ut 2016.

Stryn kommunestyre får saka til endeleg avgjerd på møtet 31. mars.