Stryn fotball si målvakt Simen Lillevik har bestemt seg for å skifte klubb få veker før sesongstart. I går vart det klart at andredivisjonsklubben Førde blir hans nye fotballag.

- Grunnen til at eg reiser til Førde er fordi eg har lyst å komehøgare i divisjonssystemet, og Førde er ei god mulegheit. Egtrivst i Stryn, men søkjer nye utfordringar. I Førde kjem eg til åjobbe litt, trene og stå på. Eg vil fortsette utviklinga, seierSimen Lillevik.

Han har siste åra trena med fleire 1.divisjons- ogeliteserieklubbar utan at det har resultert i noko konkret for 22-åringen. Dei siste åtte vekene har han dessutan gått skada.

- Eg har ikkje fått trena med Stabæk slik eg hadde håpa. For to veker sidan ringte Førde meg, og sidan det no nærmar seg sesongstart har eg valt å signere for dei, seier han.

Gipsen skal etter planen av fredag, og 9. april sesongopnar Førde borte mot Fana.

Trenar Johann Sigurdsson har vore innstilt på at Lillevik mest truleg ville forlate Stryn før denne sesongen. Difor sikra dei seg ny keeper for tre veker sidan. Ironisk nok kom han frå Førde.

- Fredrik Hanssen har allereie spelt tre kampar for oss. Vi har visst lenge at Simen ikkje skulle spele for Stryn denne sesongen. Difor henta vi Fredrik slik at vi skulle ha ein sterk keeperduo i han og Jens august Guddal Muri, fortel Sigurdsson.