Ørsta og Volda held dørene opne for også å ha Stryn og Hornindal med på laget, sjølv om dei etter fellesmøtet i Loen denne veka først og fremst arbeider for å få i hamn si eiga intensjonsavtale.
– Dei ligg tre månadar etter oss i arbeid. Synd, for det forseinkar mulegheitene til å få til ein felles prosess, seier hornindalsordførar Stig Olav Lødemel.
I første omgang handlar det om at ørstingane og voldingane skal ha folkerøysting 19. mai om kommunesamanslåing. – Vi vil også tilrå vidare samtalar med Hornindal og Stryn, men ser at med dei problemstillingane som er knytte til m.a. fylkesgrensa er det ein meir tidkrevjande prosess. Likevel er det aktuelt på sikt, sa voldaordførar Jørgen Amdam ved avslutninga av fellesmøtet i Loen.
– Dersom det vert aktuelt med samanslåing av alle fire kommunane, kva då med fylkesgrensa?
– Det eg antek skjer er at fylkesgrensa blir flytta.
Når det gjeld fylkesgrensa, verkar også ein ting klart: Møringane har ikkje tenkt seg inn i Sogn og Fjordane.
Då er det opp til nordfjordingane om ein vil forlate Sogn og Fjordane.
– Eg ser det ikkje som noko problem å bli ein del av Møre og Romsdal, seier Stig Olav Lødemel. – Eg føler ikkje at vi har hatt særleg drahjelp av Sogn og Fjordane, det er langt frå Leikanger til Hornindal. Fv 60 kan vere eit godt døme på det, seier han.
Kunstig og historisk
Sven Flo skyt inn at Olden-Innvik, E39-debatten og debatten om vidaregåande skular også viser at Stryn og Hornindal er ein utkant i Sogn og Fjordane. – Fylkesgrensa må gjerne flyttast for min del. Ho er kunstig og historisk. Vi må sjå framover. Kommunalministeren har gjeve tydelege signal på at alle praktiske problem skal kunne løysast, det er det vilje til, seier Flo.
Balansere kjensler og realitetar
– Men det er også eit kjenslemessig spørsmål for innbyggjarane om ein skal forlate Sogn og Fjordane og bli ein del av Møre og Romsdal?
– Det er kjensler knytt til omstillingar av denne typen. Leiarskap er å balansere kjensler og realitetar, seier Flo.
- Vi ønskjer ikkje å bli sette på vent
Ordførarane i Stryn og Hornindal vil arbeide vidare for at dei to nordfjordkommunane skal vere med som eit alternativ i folkerøystinga i Ørsta og Volda.
– Vi ønskjer ikkje å bli sette på vent fordi dei har dårleg tid. No må alternativa vere tydelege. Folket der må få seie om dei har tru på dette samarbeidet mellom alle fire kommunane, slik at vi får vite om det er noko å jobbe vidare med. Så vi vil arbeide for at dette ikkje skal bli sett på vent til ei «fase to», seier Lødemel og Flo.
Folkerøysting i Stryn og Hornindal?
I Ørsta og Volda blir det folkerøysting same dag, 19. mai. Då skal innbyggjarane uttale seg om eventuell samanslåing.
– Når blir det folkerøysting i Stryn og Hornindal?– Vi har sagt at vi er opne for rådgjevande folkerøysting. Men vi ser som mange andre kommunar at det kan bli ei svært skeiv aldersfordeling, at ein ikkje når 16-19-åringane, faktisk dei heilt opp mot 30. Så vi må i så fall ha ei meiningsmåling i tillegg, som gjev eit meir heilskapleg bilde, seier Sven Flo og Stig Olav Lødemel.