Fjordingen for 10 år sidan:

Dans prega Olden skule sist veke.

– Veldig kjekt med danseverkstad, meinte 11- åringane Eirin Iversen Kvamme og Hildegunn Muri. Saman med klassekameratane i 5. trinn og elevane i 6.- og 7. trinn framførte dei fellesnummer i gymsalen fredag. Dansepedagog Anita Vilenica underviser i mellom anna street, hip-hop og funk, og lærte vekk mange dansetriks på danseverkstaden i Olden.

Først ut på scena var dei mange elevane i 5. trinn som starta med innøvd startoppstilling. Hildegunn Muri (11) og Eirin Iversen Kvamme (11) var blant dei som stod på første rekkje.

– Vi lærte oss dei ulike dansane i går på ein og ein halv time. Det har vore morosamt og veldig kjekt, seier dei to jentene. Etter øvinga fredag, var dei klare for oppvisning i dag.

– Vi skal ha oppvisning på bolkeopninga i dag for dei andre på skulen, fortalde Hildegunn Muri og Eirin Iversen Kvamme. Då er det storskulen sin tur til å stå for programmet når skulen markerer ein ny bolk på seks veker.