Ein stor gjeng er no samla i klubbhuset på Ullsheim for å heie fram Markane IL sine to store søner i OL, Tarjei og Johannes.

Dei kjempar i skrivande stund om edelt metall i skiskyttarsprinten. Det blir meldt om god stemning, og så får vi håpe at resultatet tilseier at stemninga held seg slik også utover kvelden.