Stryn sine handballdamer var best i lokaloppgjeret mot Gloppen i Trivselshagen onsdag kveld. Fire mål skilde laga då sluttsignalet gjekk.

Stryn har verkeleg funne formen, og står utan tap sidan november. Særleg forsvarsspelet har heva seg betrakteleg utover i sesongen.

Fortent

Mot Gloppen, som stod med fem sigrar på rad, var laget i føringa frå midt i første omgang, og med Ivana Kresic i spissen var stillinga 12–10 til Stryn etter halvspelt kamp.

Etter pause opparbeidde Stryn seg eit forsprang på seks mål, men glopparane gav seg ikkje så lett og var berre eitt mål bak på stillinga 20–21. Mot slutten drog derimot Stryn ifrå igjen, og kunne fortent juble for 25–21 siger.

Dermed klatra laget forbi Gloppen på tabellen, og Stryn er no a poeng med Fyllingen 2 på tredjeplass (14 poeng) etter 12 spelte kampar.

Allereie søndag er det klart for ny kamp når serietoar Årstad kjem til Strynehallen.