I desse dagar er det knapt så du kan skru på fjernsynet utan at det dukkar opp ein idrettsutøvar eller to frå indre Nordfjord.I kveld er Tarjei og Johannes Thingnes Bø klare for debut i Best av de beste på TV2.

Og sanneleg dukkar ikkje dei same brørne opp i Seier'n er vår på TVNorge på torsdag. Her er Trond Espen Seim programleiar for "programmet som ikkje tek sport heilt på alvor". Kjetil André Aamodt og Steffen Iversen er lagkapteinar for kvart sitt lag, der dei får med seg kvar sin komikar og kvar sin idrettsutøvar.

Og som om ikkje det var nok: Gylne tider, med tilbakeblikk på "underet i Marseille" i 1998, går i reprise på TV2 torsdag kveld.

Og når det blir skikkeleg vinter, då kjem Frode Grodås i Mesternes mester på NRK.