Nyhende →
Arbeidsuhell i Utvik
Politiet fekk fredag melding om eit arbeidsuhell som fann stad torsdag ettermiddag i Utvik. Uhellet skjedde i samband med arbeid i eit steinbrot. Ein mann fekk ein stein over foten sin. Det er påvist brot i eit lite bein, men det skal ikkje vere alvorleg skade, opplyser politiet.