Både ein ferdigbygd Stad skipstunnel og sjølve byggjeprosessen kan vere ein interessant attraksjon for turistar, trur reiselivsdirektør.

Forkjemparane for skipstunnelen møtte nyleg reiselivsdirektør i Innovasjon Noreg Per-Arne Tuftin, fortel NRK.no. Reiselivsdirektøren trur Stad skipstunnel kan få mykje merksemd internasjonalt som den første skipstunnelen av slikt kaliber, og ser moglegheiter om dette blir kopla opp mot Stad som reisemål. Natur og ingeniørkunst kan saman få fleire turistar til distriktet, trur han.

– Å få dette internasjonalt kjent gjennom internasjonal presse er viktig. Området er kanskje ikkje av dei mest markante i forhold til reiseliv. Men med skipstunnelen vil ein kunne binde saman fleire viktige reisemål i regionen. Det vil naturlegvis turistoperatørane og reiselivspresse finne interessant, uttaler Tuftin til NRK.no.

Leiar i prosjektgruppa for Stad skipstunnel Randi Paulsen Humborstad vil saman med Innovasjon Noreg ta initiativ til møte med reiselivsaktørar i regionen for å få til ein plan for korleis skipstunnelen kan bli eit reisemål. Mogleg byggjestart for tunnelprosjektet kan bli i 2018 eller 2019. (©NPK)