- Løypene ligg her og eg ser folk går uansett vêr. Dei som er komne hit for påskeferie kler seg godt og pakkar ryggsekken. Det seier Arvid Hatledal i Turløyper Stryn, som forventar stor bruk av løypenettet anten påskevêret blir slik eller slik. Men løypekonstruktøren frå Markane har trua på at det blir påkesol.

- Eg trur vi kjeme til å få nokre fine dagar også, seier han. Ut frå vêrvarselet på Yr.no er det i dag onsdag som peikar seg ut, samt håp om betring på tampen av påskehelga.

- Det er mykje snø og fine forhold. Sjølv om det har vore vått er hovudtraseane veldig faste, seier Hatledal. Han lovar topp løyper heile påska igjennom.

Utvikfjellet

Ved Breimsbygda skisenter på Utvikfjellet er det køyrt opp fine løyper vestover til Snøfjellet, Fløtravarden, Brekka og Støyvastøylen. Onsdag blir også traséen til Rypeskaret oppkøyrt.

Utvikfjellet.

- Går alt etter planen skal det trakkast frå Kleivane på Sandane til Rypeskaret. Då kan ein gå i frå Utviken til Sandane. Det er ein flott tur men krev litt logistikk i forhold til transport, seier Vegar Sårheim ved Breimsbygda Skisenter.

Også austover frå skisenteret skal det trakkast løyper i morgon.

- Turen til Svartebotn er ein klassikar, seier Sårheim, som velger å vere optimist når det gjeld vêret.

- Meldingane for torsdag ser bra ut óg no, seier han.

Nordfjord Fritidssenter

Ved Nordfjord Fritidssenter på Fjelli skal det også bli mange kilometer turløyper å boltre seg i - om ikkje vêret blir for ille vel og merke.

Frå løypa omlag to km vest for Nordfjord Fritidssenter, ved oppstiginga til Sølvbergsstøylen.

- Vi kjem til å halde ope den korte Holmøyskarrenn-løypa på finevêrsdagane. Likeeins reserveløypa som vart nytta i helga, fortel løypekøyrar Olav Nyberg. Dei er høvesvis 25 og 18 kilometer lange. Reserveløypa som vart nytta Palmesøndag vert også kalla Fem-støylsløypa, sidan den besøkjer Rosetstøylen, Ulvedalsstøylen, Bergsetstøylen, Indre Sølvbergsstøylen og Sølvbergsstøylen.

Løype til Nosakleiva blir det så og seie uansett vêr.

Grendadalen

Rundløypa i Grendadalen vert køyrd opp kvar morgon, om lag 5,5kilometer. Start ved Hornindal Skisenter, forbi Bruasetra,Storesætra og Hjortedalssætra og ned via Gamlesætra tilskisenteret. Turløypa til Hornindalssætra vert køyrd opp etterbehov. Ca 8,5 kilometer kvar veg. Alle løypene er køyrd opp frå og med i dag, i følgje skisenteret.

Hornindalssætra.