Valdsepisoden skjedde på Hotel Alexandra i Loen natt til 7. februar. Mannen hadde drukke betydelege mengder alkohol den aktuelle kvelden, og vart oppfatta som brysom då han gjekk rundt i dansesalen og spurte fleire damer om dei ville danse. Fornærma kom då bort til tiltalte og føreslo at han kanskje burde forlate staden. I følgje vitne snudde tiltalte seg mot fornærma med ein plutseleg bevegelse og slo han i andletet med eit glas. Fornærma vart påført eit fire cm langt kutt under det eine auget, og måtte sy fem sting.

Hugsar ikkje

Tiltalte sjølv hevdar han ikkje hugsar noko frå hendinga. Han har forklart at han hadde drukke mykje, at han var i godt humør og prata med folk på andre utestader i Loen tidlegare på kvelden. Men han hugsar ikkje anna frå Hotel Alexandra enn at han blei stoppa av ei vakt som sa han måtte vente til politiet kom.

Basert på vitneforklaring om at slaget med glaset i handa ikkje var eit uhell, er retten overbevist om at tiltalte handla med forsett. Retten ser alvorleg på denne type valdshandling, og poengterer at eit glas er ein særleg farleg reiskap. Berre flaks gjorde at fornærma ikkje vart treft til dømes i auget og påført større skader.

Frikjend for trugsmål

Stryningen var og tiltalt for å ha sett fram verbale trugsmål mot ein annan gjest, men retten fann ikkje prov for dette.

Retten fann etter ei samla vurdering å dømme mannen til 120 dagar fengsel, men der han slepp å sone meir enn 90 dagar dersom han ikkje begår nye straffbare handlingar dei to neste åra. Mannen må og betale i overkant av 6.000 kroner i erstatning til fornærma.